I norsk rettskriving har vi to målformer med to sett rettskrivingsreglar; bokmål og nynorsk. I tillegg har vi regions- eller minoritetsspråka samisk (sørsamisk, lulesamisk, nordsamisk) og kvensk.

Norsk

Tidlegare normeringsreglar for stadnamn, frå 1912 fram til Føresegner om skrivemåten av stadnamn i 1957, slo fast at nynorsk rettskriving (landsmålsrettskrivinga) skulle følgjast. Til dømes skulle ein skrive -vatn og -skjer over heile landet, jamvel om uttalen var /vann/ og /skjær/.

I dagens regelverk står båe målformer likt. Hovudregelen er at ein skal ta utgangspunkt i den lokale nedervde uttalen og at skrivemåten skal følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp for norsk (bokmål eller nynorsk).

Det er irrelevant å skilje mellom bokmål og nynorsk ved skrivemåten av stadnamn. Innsjønamna Kilevann og Mjøvann i Skien kommune skal til dømes skrivast slik både i bokmåls- og nynorsktekst, medan Botsvatn og Kaldsvatn i Bykle kommune skal skrivast med -vatn.

Fleirspråklege område

For fleirspråklege område er regelen i lov om stadnamn § 11 andre ledd at samiske og kvenske namn som blir nytta blant folk som bur fast på eller har næringsmessig tilknyting til staden, til vanleg skal brukast av det offentlege t.d. på kart, skilt, i register, saman med eventuelt norsk namn.

§ 4 i forskrift om stadnamn gir reglar for geografisk utbreiing av nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk rettskriving.

Forvaltningsområdet for samisk språk

I forvaltningsområdet for samisk språk skal rekkjefølgja av namna vere samisk, norsk, kvensk.

Forvaltningsområdet for samisk språk omfattar desse kommunane (sortert på fylke):

Finnmark: Guovdageaidnu Kautokeino, Kárášjohka Karasjok, Deatnu Tana, Unjárga Nesseby, Porsanger Porsáŋgu Porsanki (kommunenamnet inklusiv rekkjefølgja blei vedteke før gjeldande rekkjefølgjeregel trådde i kraft.)

Troms: Gáivuotna Kåfjord – Kaivuono, Loabák Lavangen

Nordland: Divtasvuodna – Tysfjord, Aarborte – Hattfjelldal

Trøndelag: Snåase Snåsa, Raarvihke Røyrvik, Røros

Fleirspråklege fylkes- og kommunenamn

To fylke, Finnmark Finnmárku og Troms Romsa, har tospråkleg namn.

Kommunar med tospråklege namn:

  • Fire kommunar i Finnmark: Guovdageaidnu Kautokeino, Kárášjohka Karasjok, Deatnu Tana, Unjárga Nesseby
  • To kommunar i Troms: Loabák Lavangen, Harstad – Hárstták
  • Fem kommunar i Nordland: Divtasvuodna Tysfjord, Hamarøy Hábmer, Fauske – Fuossko, Sortland – Suortá, Aarborte – Hattfjelldal
  • To kommunar i Trøndelag: Snåase Snåsa, Raarvihke Røyrvik

Kommunar med trespråklege namn:

  • Ein kommune i Finnmark: Porsanger Porsáŋgu  Porsanki
  • Tre kommunar i Troms: Storfjord Omasvuotna Omasvuono, Gáivuotna – Kåfjord  Kaivuono, Nordreisa – Ráisa – Raisi

Av di samisk og kvensk er kasusspråk, skal genitivsforma av stadnamnet brukast når nemninga for fylke og kommune (funksjonstillegget) er med.

Korrekte skrivemåtar av fleirspråklege fylkes- og kommunenamn (det samiske namnet står først for kommunane som er med i forvaltingsområdet for samisk språk, unntatt for Porsanger kommune, sjå ovanfor):

Fylkesnamna
FylkesnamnFylkesnamn med funksjonstillegg
Finnmark – Finnmárku Finnmark fylke – Finnmárkku fylka
Troms – Romsa Troms fylke – Romssa fylka

 

Finnmark
KommunenamnKommunenamn med funksjonstillegg
Guovdageaidnu – Kautokeino  Guovdageainnu suohkan – Kautokeino kommune
Kárášjohka – Karasjok  Kárašjoga gielda – Karasjok kommune
Deatnu – Tana Deanu gielda – Tana kommune
Unjárga – Nesseby  Unjárgga gielda – Nesseby kommune 
Porsanger – Porsáŋgu – Porsanki  Porsanger kommune – Porsáŋggu gielda – Porsangin komuuni

 

Troms
KommunenamnKommunenamn med funksjonstillegg
Gáivuotna Kåfjord  Kaivuono Gáivuona suohkan  Kåfjord kommune  Kaivuonon komuuni
Loabák Lavangen Loabága suohkan  Lavangen kommune
Harstad - Hárstták Harstad kommune - Hársttáid suohkan
Storfjord Omasvuotna Omasvuono Storfjord kommune  Omasvuona suohkan  Omasvuonon kunta
Nordreisa – Ráisa – Raisi Nordreisa kommune – Ráissa suohkan – Raisin komuuni

 

Nordland
KommunenamnKommunenamn med funksjonstillegg
Divtasvuodna  Tysfjord Divtasvuona suohkan  Tysfjord kommune 
Hamarøy  Hábmer Hamarøy kommune  Hábmera suohkan 
Fauske  Fuossko Fauske kommune  Fuosko suohkan
Sortland - Suortá Sortland kommune - Suorttá suohkan
Aarborte – Hattfjelldal Aarborten tjїelte – Hattfjelldal kommune

 

Trøndelag
KommunenamnKommunenamn med funksjonstillegg
Snåase Snåsa Snåasen tjïlte – Snåsa kommune
Raarvihke Røyrvik  Raarvihken tjïelte – Røyrvik kommune