TIL BUNNS: En sunn havbunn er viktig for hele næringskjeden. (Foto: Kari Aalvik Buset, Kartverket Molde.)

Dagen starta med foredrag av Njål Tengs-Hagir frå Sjødivisjonen. Han snakka om bakgrunnen for prosjektet, kartleggingsområda og nytteverdien datasettet har for både forvaltning og private verksemder. Så fortalte Sigrid Elvenes frå NGU om korleis kartlegging av botnsediment skjer med kamera og botnprøver. Frå kunnskap om sediment-eigenskapar kan ein lage temakart over botnfellingsområde, kor eigna ulike område er til å grave i, ankringsforhold, osb. Dette vil gjere slike data meir forståelege og anvendelige for alle brukarar.

Fritjof Møy frå Havforskingsinstituttet (HI) snakka om korleis data frå Kartverket og NGU og deira eigne undersøkingar blir brukt til å kartlegge naturtypar under vatn, førekomstar av mellom anna korall, ålegrassenger, tareskog, gyteområde for fisk, israndavsetningar etc.

På Sunnmøre tok HI 116 prøver og fann eit høgt biologisk mangfald. Datasettet er framleis under arbeid, men hittil har dei påvist over 20.000 individ frå meir enn 700 artar. Samordning av alle slike data er viktig for ei bærekraftig planlegging som tar omsyn til heile økosystemet. Tang, tare og ålegras reinsar vatnet, produserer oksygen og er ynglings- og leveområde for mange dyrearter, medan eit rikt dyreliv reinsar botnen.

Mona Gilstad jobbar i Herøy kommune og Runde Miljøsenter og er ansvarleg for interkommunalt samarbeid innan kystsoneforvaltning av fem kommunar på Sunnmøre, som har bestemt seg for å vidareutvikle «blå økonomi». Ho fortalte korleis marine grunnkart vert brukt i planarbeidet for å sikre næringsutvikling og for å avdekke og avklare interessekonfliktar mha. praktiske eksempel. Akvakultur skal plasserast i område med svært gode straumforhold for å sikre utskifting av vatn og gravbar sjøbotn, noko som er viktig for legging av kablar og sjøleidningar. Erfaring frå desse kommunane er at bruk av marine grunnkart i planlegginga fører til meir heilskapleg og økosystembasert kystsoneplanlegging der arealformål kan plasserast der det passar best basert på objektive parameter.

Nils-Roar Hareide tok for seg forskinga som forgår på Runde Miljøsenter i samarbeid med mange andre aktørar. Nøyaktig kartlegging av botnsediment og kunnskap om førekomstar av fiskearter er m.a. til hjelp for å forstå meir om fuglane som hekkar på Runde. Lundefugl, til dømes, er avhengig av sandbotn ettersom ein av yndlingsfiskane deira, tobis, oppheld seg der.

Avslutningsvis gjekk Njål Tengs Hagir inn på vegen vidare for ei heildekkande base av «Marine grunnkart». Kostnadskalkyler viser til dømes at heildekking av område i Rogaland, ein kostnad på ca. 23 millionar kroner, kan bli samanlikna med byggekostnader for 100 meter bilveg. Dersom mange nok går saman om prosjektet, vil kostnaden på den enkelte bli relativt liten i forhold til gevinsten. Han minte også kommunane på at det finst mange midlar i havbruksfondet og at kommunar og fylkeskommunar burde uttrykke behovet sitt for marine grunnkart mot høgare politiske nivå, slik at vi kan få heile Norgeskysten kartlagt i åra som kjem.

Den andre delen av dagen blei brukt til meir praktiske øvingar. Henrik Gulliksen Schuller fortalte om korleis ein får tak i data frå GEONORGE. Deretter brukte vi resten av dagen til workshops. Vi diskuterte tre case – plassering av kommunalt reinseanlegg, konsekvensutgreiing av akvakultur og bærekraftig planlegging av fritidsfiske. Gruppedeltakarane diskuterte korleis dei skulle gå fram, kva data som trengst og kva utfordringar dei har med bruk av marine grunnkart i sitt arbeid. Fritidsfiskegruppa peikte på at betre kunnskap om førekomst av fisk, kreps og hummar kan føre til overfiske på artar, og at denne kunnskapen forpliktar oss til ei bærekraftig forvaltning.

Det kom fram i alle gruppene at kommunane ikkje kjenner seg tilstrekkeleg budde på dette og manglar kunnskap. Det herska uklarheit om kva data som finst, korleis dei skal bli brukt og kven ein kan kontakte for å få avklart dette. Difor var alle samde om at slike fagdagar er viktige både for formidling av kunnskap og for nettverksbygging.