I dag kan dei store bankane og eigedomsmeklarane tinglyse fast eigedom elektronisk. No startar Kartverket å utvikle ei løysing for elektronisk tinglysing som også privatpersonar kan nytte seg av. Dette skal etter planen vere klart i februar 2021. Då vil det bli enklare å tinglyse på eiga hand, og det blir papirlaust sik at du vil kunne sitje heime i sofaen og få jobben gjort på sekundet.

- Inspirerande

- Inspirerande å sjå. Det er veldig positivt, det som blir gjort her, sa Nikolai Astrup etter at Kartverkets eigedomsdirektør Turid Ellingsen, jurist Anders Iversen og utviklar Thomas Berg hadde demonstrert korleis tinglysing av eigedom kan gå føre seg i nær framtid.

Før det blir mogleg for alle og einkvar å tinglyse papirlaust, skal ei etinglysings-løysing tilpassa små eigedomsmeklarfirma og advokatkontor utviklast. Den skal vere klar i september neste år.

Marine kart og Geonorge

Under besøket på Kartverket fekk Astrup også innføring i mellom anna arbeidet med nye, marine grunnkart og digitaliseringa av Den norsk los.

Digitaliseringsministeren fekk også ein demonstrasjon av nettstaden Geonorge som samlar alle geografiske data i Noreg.

Mange digitaliseringsprosjekt

Kartverkssjef Anne Cathrine Frøstrup er svært glad for at Astrup kunne kome til Kartverket.

- Vi bygger på regjeringa si geodatastrategi og digitaliseringsstrategi. Vi har mange store og gode digitaliseringsprosjekt i gang som også er eit døme for andre land,som Geonorge og marine grunnkart, og no kjem straks Losen. Digitalisering av tinglysinga og utvikling vidare til  løysinger som gjer det enda enklare har svært høg prioritet hjå oss no. Vi set stor pris på den interessa Astrup syner for den jobben vi gjer og er svært glad for den støtta vi får frå departementet, seier ho.

Mindre papir

For nokre år sidan kom det store lastebillass med tinglysingsdokument inn til Kartverket kvar morgon. Papirmengda er redusert kraftig på få år. Rundt 40 prosent av all tinglysing skjer no utan bruk av papir, og den gjennomsnittlege saksbehandlingstida er redusert frå fire til to dagar for det som framleis foregår på papir. Elektronisk kan det skje på få sekund.