Forskrifta inneheld utfyllande regler til §2-3 i plan og bygningsloven, og skal sikre ei nøyaktig og påliteleg innmåling av leidningar og annan infrastruktur i grunnen, sjø og vassdrag, samt forenkla tilgang til denne informasjonen.

Les høyringsforslaget på regjeringen.no.

I forskriftsforslaget er det m.a. foreslått:

  • kva som skal reknast som leidningar og annan infrastruktur i grunnen, sjø og vassdrag
  • kven som skal reknast som anleggseigar, her under utvida krav til vegeigar om dokumentasjon av private leidningsnett som ligg i eller langs offentleg veggrunn
  • krav til dokumentasjon av slike anlegg
  • krav til informasjonsinnhald og utvekslingsformat
  • plikt til å utlevere og rapportere tilbake informasjonfristar for å utlevere og rapportere tilbake informasjon, samt påvising
  • løyve til å ta vederlag for å utlevere dokumentasjon

Forskriftsforslaget inneheld ikkje konkrete krav til nøyaktighet, overføringsformater med vidare. For slike krav blir det vist til standard for stadfesting av leidningar og andre anlegg i grunnen, sjø og vassdrag, med tilhøyrande produktspesifikasjonar, - som blei publisert av Kartverket i januar 2019.