Siste oppdatering

Vil finne fleire gode døme på bruk av geodata

Nasjonalt geodataråd og Kommunal- og distriktsdepartementet vil gjere tydeleg kva nytte vi som samfunn har av geografisk informasjon. For tredje år på rad blir derfor verksemder, etatar og organisasjonar oppmoda om å sende inn innovative døme på bruk av geodata.

Fakta Geodata og nasjonalt geodataråd

Geodata er data med direkte eller indirekte referanse til ein bestemt stad. Det kan vere adresser, grenser, stadnamn, høgder og terreng.

Geodata finn du på Geonorge.

Regjeringa sin geodatastrategi har som mål at Noreg skal vere leiande i bruk i av geodata.

Nasjonalt geodataråd er satt ned av regjeringa, og skal sikre godt samarbeid mellom alle som forvaltar og brukar geografisk informasjon.

- I Noreg er vi komne langt med å ta i bruk geografiske data på nye måtar og dra nytte av det potensialet som ligg i slike data. Det ønsker vi å halde fram med og da treng ein gode døme, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Geografisk informasjon er avgjerande for å løyse viktige samfunnsutfordringar, slik som tilpassing til eit klima i endring, berekraftig utvikling og beredskap. Oppdaterte geodata med god kvalitet er naudsynt for verdiskaping i næringslivet og ei vidare effektivisering av offentleg sektor.

Geodatarådet inviterer verksemder, organisasjonar, etatar og andre som har utvikla løysingar, tenester eller produkt basert på bruk av geografisk informasjon, til å sende inn døme og bli med i konkurransen. Gode døme kan være ein app, ei god publikumsløysing, eit fagsystem eller ulike sakshandsamingsverktøy.

- Vi ønsker å få fleire aktørar til å ta i bruk geografisk informasjon i løysingar og tenester som gir berekraftig utvikling og auka innovasjon, seier Gjelsvik.

I vurderinga blir det lagt vekt på nyskapande løysingar, høg nytteverdi og potensial for gevinstar, gjenbruk og berekraft. Døma må enten vere ferdig utvikla eller ha fått vesentleg ny funksjonalitet i løpet av det siste året. Forslagstillar må dokumentere dette. Vinnarane vil, i tillegg til diplom, heider og ære, få ein premie på 30 000 kroner.

Det blir delt ut diplom i tre kategoriar:

  • Kommersiell teneste eller produkt
  • Tiltak i offentleg sektor som gir betre og meir effektive prosessar
  • Løysing som kombinerer data til ny kunnskap

Forslaga vil bli vurdert etter følgande kriterium:

  • Innovativ bruk av geodata – nyskapande
  • Fører til verdiskaping eller nytte for brukarane
  • Moglegheit for gjenbruk hos andre eller i andre løysningar
  • Løysingar eller aktivitet har kopling til FN sine berekraftsmål

Frist for å melde seg på konkurransen er 7. oktober, og vinnarane blir kåra i november. Innsendte døme blir vurdert av eit utval av medlemmane i Nasjonalt geodataråd.

Del