Kartverkets data om tilgjengelegheit og universell utforming finst som datasett og som teneste, og kan sjåast i kartklienten til Kartverket.
Innsyn via Norgeskart
Du kan sjå på data frå kartlegginga av tilgjengelegheit i Norgeskart, Kartverket sin egen kartklient. Kartklienten skal tene som eit oppslagsverk for planlegging og forvalting, men òg for organisasjonar og andre interesserte.
Klikk på kartutsnittet for å gå til kartet

Trykk på hamburgermenyen øvst til venstre for å velje type bakgrunnskart.
Tilgjengelegheitstenesta er delt i seks underkategoriar:
- Tettstad (inngangar, vegar, parkering)
- vurdert for manuell rullestol
- vurdert for elektrisk rullestol/skuter for utandørs bruk
- vurdert for synshemma
- Friluft (friluftsområde, turveg, parkering, badeplass, fiskeplass/brygge, sitjegruppe med meir)
- vurdert for manuell rullestol
- vurdert for elektrisk rullestol/skuter for utandørs bruk
- vurdert for synshemma
Symbola på skjermen viser ei vurdering av tilgjengelegheita:
- Grøn = tilgjengeleg
- Gul = delvis tilgjengeleg
- Raud = ikkje tilgjengeleg
- Blå = ikkje vurdert

Ved å klikke på symbola kan ein få meir detaljert informasjon om kvart einskild objekt. I boksen er det bilde av objektet (ikkje på veg i tettstad) og verdiane som blei registrert under kartlegginga.
Bruk av karttenester
Du kan bruke datasetta om tilgjengelegheit i ditt eige GIS-system (til dømes GISLINE, ISY-WinMap, arcGIS, QGIS). Funksjonaliteten mellom WMS (leverer eit bilete av data) og WFS (leverer vektorinformasjon) varierer. Det er laga ei kort rettleiing i korleis ein legg til tilgjengelegheitsdata som WMS-lag i GISLINE. Sjå lenkjeliste nedst på denne sida.
WFS-tenester er per i dag berre testa i GIS-programmet QGIS. Innlesing av WFS-tenester krev aktivering av eit programtillegg (WFS 2.0 Client). Det er laga eit forslag til prosjektoppsett for «Tilgjengelegheitskart» i QGIS. Sjå lenkjeliste nedst på denne sida.
Nedlasting
Det er mogleg å laste ned tilgjengelegheitsdata for heile landet eller for eit område (fylke, kommune) via Geonorge. Sjå lenkeliste nedst på denne sida. Data blir levert på SOSI- eller GML-format.
Statusrapport frå kartlegginga
Ferdige rapportar for særskilde område (kommune, fylke eller heile Noreg) i powerpoint-format kan genererast frå Geonorge:
Lag powerpoint-rapport for tettstader
Lag powerpoint-rapport for friluft