Forenkla røyndom

Kart er ei plan, forminska og grafisk avbilding av delar av jordoverflata i ein bestemt målestokk og projeksjon. Kartet er det viktigaste hjelpemiddelet vårt når vi skal ta oss fram i ukjend terreng. Former og detaljar i terrenget blir gjevne att med teikn og symbol som vi kallar kartteikn. Viktige ting blir framheva og uviktige ting utelatne. Når vi held kartet slik at vi kan lese det som står på kartet, peikar som regel den øvste kartkanten mot nord.

Målestokk

For å lese kartet må du forstå korleis den grafiske avbildinga av landskapet er tenkt. Kartet har ein målestokk og ein ekvidistanse. Den viktigaste avgrensinga med kartet er at det er ei svært forminska utgåve av røyndomen, men det vil også seie at mange detaljar ikkje kjem med. Målestokken (til dømes 1 : 50 000 eller 1 : 100 000) er eit forholdstal som fortel kor mange gonger større ein gjeven avstand i terrenget er, enn den tilsvarande avstanden på kartet. På eit kart i målestokk 1 : 50 000 tilsvarer 1 millimeter på kartet 50 meter i terrenget, og detaljar som er særleg mindre enn dette, blir for små til at vi kan sjå dei på kartet.

Ekvidistanse

På topografiske kart blir terrengformasjonane framstilte med høgdekurver (kotar). Den konstante, loddrette avstanden mellom to nabohøgdekurver kallar vi ekvidistansen. Dei mest detaljerte karta i store målestokkar har ekvidistanse på 1 meter. Den landsdekkjande kartserien Norge 1 : 50 000 har ekvidistanse på 20 meter.

Høgdekurvene representerer (går gjennom) alle punkt i terrenget som har same høgde i forhold til havnivået. Terrenget mellom to nabohøgdekurver har teoretisk jamn stigning/fall. I bratt terreng ligg høgdekurvene tett inntil kvarandre, mens dei i flate område ligg med lengre avstand. I kupert terreng er det ofte markerte høgdepunkt (kollar) som blir framstilte som ringkurver. I flate område som har få høgdepunkt, kan terrengformasjonane presenterast endå betre ved å registrere mellomkurver som har halve ekvidistansen.

Lettast forstår ein kurveformasjonane dersom ein tenkjer seg at ein registrerer ein tenkt vasskontur kvar gong havet stig med ein ekvidistanse på til dømes 20 meter. Den nye vasskanten blir då ei ny høgdekurve. Oppstikkande koller blir ringkurver (øyer i ein tenkt sjø).

I kartlegging blir høgdekurver konstruerte i fotogrammetriske arbeidsstasjonar der ein kan føre eit målemerke på flybilda i ein tredimensjonal modell av terrenget. Flybore laseropptak gjev ei meir automatisk måling av terrenget. Ved prosessering av laserpunkta (punktskya) får ein skilt ut alle laserskot som treffer terrenget, og resultatet blir ein digital terrengmodell. Ut frå terrengmodellen reknar ein ut høgdekurver med vald ekvidistanse.

Ein tredje metode for etablering av høgdekurver er automatisk matching (mønstergjenkjenning) av terrengpunkt på digitale 3D-flybilete. Alle målemetodane har avgrensingar i område med skog der kor synleg terrengnivået er, varierer med kor tett skogen er.

Skisse som forklarer ekvidistanse

HØGDEKURVER 1: Mellom kvar kurve er det ti høgdemeter, som vil seie at dette kartutsnittet har ein ekvidistanse på 10 meter.

kartutsnitt som viser ekvidistanse

HØGDEKURVER 2: Utsnitt frå Norge 1:50 000 med ekvidistanse på 20 meter mellom høgdekurvene.

Rutenett

Kartet har eit rutenett av linjer som står vinkelrett på kvarandre (blå farge). Linjene strekkjer seg frå botn til topp av kartet, og frå høgre til venstre side. Dette er hjelpelinjer i eit kartkoordinatsystem som blir kalla UTM.

Ei kvadratisk rute har sidelengder på 2 cm i kartet. Ruta tilsvarer 1 x 1 km i terrenget. Dei blå tala langs høgre og venstre kant av kartet oppgir tilnærma avstanden frå ekvator målt i kilometer langs ein meridian. Men ver obs på at berre kvart tiande blå tal har alle seks sifra i kilometertalet. Der du berre ser to blå tal, må du hente tusen- og hundre-talet frå nærmaste firesifrea blå tal nedanfor. Den verkelege avstanden frå ekvator er multiplisert med ein skalafaktor på 0,9996 for å få det blå talet på kartet.

Dei blå tala i nedre og øvre kartkant gir talet på kilometer frå den meridianen som er utgangsmeridian for det kartet du har framfor deg. Utgangsmeridianen er sentralmeridianen i den aktuelle UTM-sona. Sjølve UTM-sona er oppgitt i blå tekst under der det står "Målestokk, Scale" i teiknforklaringa på kartet. Berre kvar tiande av desse kilometer-tala inneheld alle tre sifra i kilometertalet. I UTM-kart har sentralmeridianen fått den kunstige verdien 500 km, for å unngå negative verdiar i aust/vest retninga.

kartutsnitt over Engenes med rutenett

 BLÅTT: Dei blå linjene er rutenettet i kartet.

Gradnett

Kor nøyaktig på jordkloden eit punkt ligg, altså posisjonen til punktet, kan ein oppgi ved dei to koordinatane, breiddegrad og lengdegrad. Breiddegraden er vinkelen mellom ekvatorplanet og staden du skal ha posisjonen til.

Kortaste linje langs jordkloden mellom nordpolen og sørpolen kallar vi ein meridian. Lengdegraden er identisk med den meridianen som går gjennom staden der du skal oppgi posisjonen. Det er internasjonalt vedtatt at meridianen gjennom Greenwich i London skal ha verdien null, altså null-meridianen. Lengdegrad blir difor rekna i gradar aust eller vest for null-meridianen.

Saman utgjer breiddegrad og lengdegrad eit koordinatsystem som beskriv kvar ein stad på kloden:

  • Nordleg breidde, φ = 30˚N (sjå figur) er vinkelen nordover frå ekvator målt langs ein meridian.
  • Austleg lengde, λ = 40˚A (sjå figur) er vinkelen mellom 0-meridianen gjennom Greenwich og meridianen gjennom den aktuelle staden.

Jordkloden med lengde og breddegrader

GRADNETT: Figuren syner korleis breiddegrad og lengdegrad utgjer eit koordinatorsystem som kan gi posisjonen til alle stader på jorda.

Rammeinformasjon

I tillegg til sjølve kartet vil det normalt vere rammeinformasjon på kartbladet. Dette kan vere: tittel, lokaliseringskart (nøkkelkart), teiknforklaring, nordpil, målestokk (metrisk og tekstleg), misvising, koordinatsystem, tekniske data, ordliste og logo til utgjevar.