Velkommen til Kartverkets nye nettside! Les mer om nye kartverket.no her.

Siste oppdatering

Velkomen til Kartverkets nye nettside!

Kartverket har fått ny nettside. Vi håper du er nøgd. Gi oss gjerne ei tilbakemelding.

Eit av dei viktigaste måla med ny nettside er å gjere kvardagen enklare for dei over 20.000 som besøker oss kvar vekedag. Vi har jobba for at du skal finne endå raskare fram og få endå betre hjelp med dei oppgåvene du oppsøkjer kartverket.no for å løyse.

Eigedomsinfo, kart og data

Mellom annet er det no enklare å finne eigedomsinformasjon og få rettleiing for deg som skal kjøpe eller selje hus. Er du på jakt etter data eller kart, så skal det vere lettare å finne det, anten du skal ha kart til tur i fjellet eller med båten, eller du skal nytte Kartverkets data i jobben din.

Vi har også lagt ned mykje arbeid i å gjere rettleiingssidene meir tilgjengelege for deg som jobbar med geodata i kommunar, private bedrifter og andre verksemder.

Blant mange forbetringar er ny og oppgradert versjon av den svært populære tenesta Se havnivå.

Nettsida har også fått nytt og friskt design.

Hjelp frå Nova Consulting Group

Konsulent for dei nye nettsidene har vore Nova Consulting Group AS, med dotterselskapa Epinova AB og Northern Beat AS som dei viktigaste bidragsytarane.

Sist gang Kartverket lanserte nye nettsider, var i februar 2013.

Sei kva du synest!

Kva synest du? Saknar du noko? Du kan gi oss tilbakemeldingar på e-post info@kartverket.no, eller du kan klikke på «Fant du det du lette etter?» nedst på dei fleste sidene og skrive inn ris og ros.

Del